Nokon spør seg sjølve: Kjem dei til å pusse opp badet? Gjer dei det? Vil dei sete inn Alessi-tappekranar? Når kjem flyttelasset?

Nokon kjem til å unngå blikket ditt om du passerer ham i Slottsparken. (Wikimedia Commons/Knut A. Syed)

Kjem det til å trekke frå nokons vindaugar? Kjem det til å lukte solkrem og gardistsvette?

nokon vinke til 17. mai-toget? Vil nokons hage fylles av russekort og billeg konfetti?

Kjem Sonja og Harald til å kome på vitjing? Held det med kaffi? Treng eg tilby bakarvarer? Er dei lei av bollane frå ”Åpen bakeri”?

Har nokon nok gjesterom? Kjem eit stort spegl til å gi større romkjensle i gangen?

Kjem nokon til å spise alle sine måltid på Litteraturhuset? Kjem nokon til å verte forstyrra?

Har nokon huska å forsikre flyttelasset? Tipsar ein flyttefolk? Sjølv polakker?

Hvilken nedgang til Nationalteateret t-banestasjon skal eg velga? Er ekspressbussen eit truverdeg alternativ om nokon ynskjer å reise vestover ut av byen?

Kjem nokon til å kunne male veggene med Drygolin aksegrått? Treng nokon nabovarsel?

Korleis vil nokon kome på boligmarknaden igjen etter at nokon har flytta frå Grotten? Kjem Staten til å tillete at nokon framleigar si lelighet i Bergen?

Kjem nokon endeleg til å kjøpe nokons bøker på Bokskya?

Nokon treng å sete seg ned og roe ned med ein kopp kaffi.

Men kjem nokon til å merke at alle nokons teaterstykker er heilt like?

Tagged with →